Fortapt i undring



Side 1

Etter vi leda lovsong på OASE i 2011, kom det fleire og spurde etter ei lovsongsplate. Vi har brukt litt tid på å finne konseptet vi ville bruke, men her er det endeleg klart. Vi ville spele inn lovsongar som betydde noko for oss, men som ikkje hadde norsk tekst. Ein god venn av oss, Per Erling Parr Sætre, sette i gong og omsette 11 lovsongar til norsk.

I midten av august 2012 rigga vi oss til i Ræge kyrkje på Jæren og spelte inn. Besetninga vår er nokså original: vokal, cello, perkusjon og piano. Og sidan vi som oftast spelar live og leder lovsong, er mesteparten av materialet tatt opp live. Men vi har gjort enkelte nye opptak, der live-opptaket ikkje var heilt 100 %.


Desse er med:
Åsa Thorstvedt (song)
Liv Heidi Lie-Bjelland (song)
Magnhild Mo (cello)
Magnar Helland (perkusjon)
Ola Ohm (piano og song)


Songliste (norsk tittel med originaltittelen bak:

01 Kor stor er vår Gud (How great is our God)
02 Du Gud, Du holder meg fast (Oh no, you never let go)
03 Majestet (Majesty, Here I am)
04 Openberringssong (Revelation song)
05 Fortapt i undring (Lost in wonder, You chose the cross)
06 La din herlighet komme ned (Let your glory fall in this place, Father of creation)
07 Kven er eg (Who am I)
08 Jeg er din (Love came down)
09 Hel (Complete)
10 Frelser (Saviour)
11 Jeg ser vår Konge kommer (Hosanna)


På baksida av coveret står dette:

Ei av dei sterkaste beretningane frå Det nye testamentet er om kvinna som bryt seg inn på fest.  Dørene var opne, men ho var ikkje av dei som var invitert.  Stille og rolig nærma ho seg hovudpersonen, som var Jesus sjølv.  Først vætte ho beina hans med tårene sine, så tørka ho dei med håret sitt.  Til slutt kakka ho toppen av krukka ho hadde heime med dyrebar salve, og helte den ut over beina hans. Det vakte stor oppsikt.  Men i møte med Jesus gav ho det beste ho kunne gi - ho gav han alt (Luk 7:36-50).

Salving har vore i bruk i uminnelege tider.  Israelsfolket brukte det for å innvie alter og gudstenestereiskapar, kongane blei salva med olje då dei blei innsette, og det blei også brukt medisinsk.  Salving har og blitt praktisert i samband med dåp.  I alle samanhengane det er brukt, har olja vore tett knytt til bøn om og utrusting i Den Heilage Ande.

Då vi skulle finne namn til gruppa vår, jobba vi lenge for å finne eit namn som kunne seie noko om det vi ynskjer.  Etter ei stund kom det hebraiske ordet mischah opp, som nettopp betyr salving (på norsk skriv vi Misjra).  Vi ynskjer, som kvinna på festen, å gi det beste vi har til Jesus.  Han har allerede gitt oss alt, og dette blir eit gjensvar tilbake.  Vi har funne songar som har tatt oss inn i tilbeding, fått dei omsett til norsk, og syng og spelar til Jesus på hjartespråket vårt.  Vi håpar at du blir dratt med i tilbedinga av Han som er Konge over alle kongar, og at velduften vil spreie seg rundt deg.  God tilbeding!