Vi har passert 1500 selte plater!!!

Plata Håp blei gitt ut i november 2009, og er den andre plata som O2 Records har gitt ut. Det fjerde opplaget er no i sal, som vil auke den totale mengda av trykte plater til 2000. 1039 plater er no selte direkte gjennom O2 Records (desember 2012), mens distributøren Prima Music har selt 521 plater til butikkane (pr des 2013). Dette går berre over all forventning!

Om du ynskjer å danne deg eit bilde av korleis musikken høyrest ut, ligg den ute i vår eigen nettbutikk - gå gjerne inn der, høyr utdrag av dei ulike spora eller kjøp plata og/eller enkeltspor i MP3- eller CD-kvalitet. Plata ligg og no ute hos WIMP, Spotify, og i iTunes Music Store.


Håp” består som ”Lengt” av instrumental musikk, men denne gongen er det fleire musikarar involvert:
- Magnhild Mo på cello,
- Bjarte Mo på fiolin og
-
Vidar Austvik på fløyte
Bjarte og Vidar jobbar i
Stavanger Symfoniorkester, mens Magnhild tidlegare har jobba der. Ho er no kantor i Bekkefaret kyrkjelyd, og har elles ein del oppdrag som frilansmusikar.

Plata består av klassiske stykke som Vocalise, og Cantilena fra Poulencs fløytesonate saman med kjende salmar og songar som Hjemme i himlen, Deep river, Gje meg handa di, ven og No more night. Dei ulike spora er sette saman med eit ynskje om å skape håp i en situasjon der krisen meir enn håpet har prega samfunnet vårt.
”Håp” skal vere ei plate til meditasjon, stillhet og ettertanke, og coveret inneheld tekstar til ein del av songane. Opptaka er gjort i klosterkyrkja i Utstein Kloster, og har tilført innspelinga sin varme romklang.


Sporliste:
01 Hymn to hope
02 Solrenning sæle
03 Opphøgd Gud
04 Se nådens gåte
05 Vocalise
06 Hjemme i himlen
07 Alt er vel med min sjel
08 Jag har hört om en stad ovan molnen
09 Largo e dolce
10 Jesus, du er mitt kjæreste eie
11 Gje meg handa di, ven
12 I lay me down
13 Lovsangsmedley
14 Cantilena
15 Deep river
16 No more night






Lengt blei gitt ut desember 2004, og består av kjende salmar og songar som er improvisert av meg på piano. Distribusjonen er overlatt til Prima Music, som selger ein del av denne plata og til butikkane.

Inni coveret står det:
Vi lengtar alle etter noko. Det kan vere ære, berømmelse, pengar, noko å tru på utanfor oss sjølve… Så lenge mennesket har vore til, har det hatt lengsel i seg, og lengselen er ein av mennesket sine beste eigenskapar. Lengselen lar oss aldri stå stille – lengselen driv oss alltid mot noko, og om målet er definert eller ikkje spelar ofte ikkje den store rolla.
Denne CD-en er laga for å gi deg rom til å lengte. Det rolige, meditative preget er bevisst lagt opp som motstridande til kvardagens stress, for vi treng lommer der vi berre kan vere til. Lommer der pusten kan gå friare, der heile kroppen kan slappe av, der tanken kan sleppast fri.
Våg å gå inn i rommet denne musikken lagar. Våg å vere til stades i musikken og våg å ta til deg tekstane som står i coveret til kvart spor. For din lengsel kan fyllast av Han som har inspirert både tekstane og musikken.

Våg dette rommet – våg stillheten. For du vil ha alt igjen for det.


Her er eit klipp frå pressa:

En søkende ung mann, et nystemt klaver og en produsent med sans for vid gjenklang har resultert i en plate med kjente salmer – som du neppe har hørt dem før. Uten tekst, men med et innhold hvor Ola Ohms improvisatoriske fortellertone forsøker å gi et klanglig anstrøk av det innadvendt religiøse. Tretten spor i alt, med gjengangere som «Lær meg å kjenne dine veie», «O, bli hos meg», «Bred dina vida vingar» og «I himmelen» blant dem. Improvisasjonene er forsiktige og upretensiøse. Schubert-aktig melankoli preger enkelte forspill, mens det hersker en anelse Grieg i lyriske passasjer. Faktisk også flørt med fransk impresjonisme.

(Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis)

Haugesunds Avis har artiklar ute enno - Truls Horvei sin artikkel
«Pianospill fra bedehuset» og Arnstein Olaisen sin anmeldelse.


Sporliste:
01 Jesus, det eneste
02 Lær meg å kjenne dine veie
03 O, store Gud
04 O, bli hos meg
05 Kling no, klokka
06 Bred dina vida vingar
07 Ja, en gang mine øyne skal
08 Deg å få skode
09 Å, for djup i Jesu kjærleik
10 Ved Jesu føter
11 Da Jesus satte sjelen fri
12 Han ger mera nåd
13 I himmelen