Velkommen til O2 Records!



IMG_2101 lite

Spirit Symphony er no i salg!


Side 1

Vi har passert 1500 selte plater!!

Vi har no selt 1048 fysiske eksemplar direkte frå oss (desember 2014), og 9 digitale album i iTunes. Det er og selt 516 plater til butikkane (oktober 2014), så vi har passert 1500 selte plater! Tusen takk til alle som har kjøpt plata!

På denne plata har Per Erling P. Sætre omsett 11 lovsongar frå engelsk til norsk. Her finn du songar som «Kor stor er vår Gud» (How great is our God), «Jeg er din» (Love came down and rescued me) og «Openberringssong» (Revelation Song).

Gå til
Lyd for å høyre noko av musikken, og på sida FIU (forkorting for Fortapt i Undring) kan du lese meir om plata. Her kan du og sjå sporlista, og lese kva namnet Misjra betyr. Plata ligg og ute til elektronisk kjøp (enten MP3 eller CD-kvalitet) i vår eigen nettbutikk samt i iTunes Music Store. Den blir ikkje lagt ut på Spotify.

Vi har og laga eit
notehefte til Fortapt i undring, som du kan kjøpe i nettbutikken.




Håp: Vi har passert 1600 selte plater!!

I midten av november 2009 gav O2 Records ut ei ny plate, "Håp", med kjente og ukjente songar, salmar og musikkstykke. Det fjerde opplaget er no i sal, som har gjort at den totale mengda av trykte plater no er 2000. 1147 plater er no selte direkte gjennom O2 Records (oktober 2014), mens det er selt 541 plater til butikkane (oktober 2014).

Om du ynskjer å danne deg eit bilde av korleis musikken høyrest ut, ligg den ute i
vår eigen nettbutikk - gå gjerne inn der, høyr utdrag av dei ulike spora eller kjøp plata eller enkeltspor i MP3- eller CD-kvalitet. Plata ligg og no ute hos WIMP, Spotify, og i iTunes Music Store. Les gjerne meir om plata ved å trykke på bildet over eller ved å trykke på “Håp” i menyen over.

Vi har og plata
"Lengt", som blei gitt ut av plateselskapet Voice i 2004. Distribusjonen av denne plata er og overlatt til Prima Music, som selger den til butikkane. Lengt er no lagt ut på WIMP.



Sist oppdatert 14. desember 2014